Tekst og foto: Espen Rekkedal
Med ujamne mellomrom er eg i Førde, og av og til tek eg bryet med å ta med sykkelen. Sidan det er litt pes å frakte med seg sykkel, prøver eg å planlegge turane litt på førhand.
Sunnfjord er ikkje det mest utforska området når det gjeld sykling, men det er mange område der det har vore seterdrift og gamle transportårer går somme plassar på andre måtar enn det som er valgt for dagens vegar.
Då eg skulle over fjella midtsommars i år, planla eg langtur.
DAG 1: Årdal – Nausdal 17. juni 2006
Etter studering av kart hadde eg funne ein spennande blå strek. Denne snodde seg frå Legestølen i Årdal ved Jølstravatnet til Vonavatnet øverst i Nausdal. Den første delen hadde eg sykla ved ei tidligare anledning, då eg saman med sambuar sykla opp Årdalen. Vi prøvde oss litt opp forbi Legestølen, men stoppa på grunn av haustgjørme og mangel på tid.
Den glimrande fotturboka «Opptur» opplyste at det var laga ei rås opp frå Legestølen, forbi Stegsvatnet til Kupavatnet. Hit tok ein med mannevonde oksar for inntil ein generasjon sidan. I dalbotnen Kupa kunne oksane styre seg sjølv i sommarmånadane. I følge lokale kjelder var det ei skikkelig manndomsprøve å vere med på desse turane.
Advart av kjentmann
Stien gikk vidare frå Kupavatnet til to vatn som på kartet er omtalt som Inste og Ytste Langevatn. Ein lokal kjentmann frå Nausdal advarte meg mot denne delen av turen, då det her ikkje er permanent sti.
Etter vatna er det ein gamal sti som har vore brukt ved gjeting av sauer i området. Den første delen av turen var eg sikker på berre hadde korte parti med syklbare stiar. Frå Kupa til Vonavatnet var det 17 km som eg var usikker på. Draumen var å finne fin, fast sti tråkka til av utallige saueklovar.
Fant makker på ts.no
Sidan turen var lang og usikkerheita stor, følte eg ikkje for å ta turen aleine. På det eminente internettet si side for terrengsyklistar, fann eg ein kar frå Sandane som var villig til å ta turen saman med meg. Etter litt meldingsutveksling med Pål Gimmestad (aka «Fenris» på Arena), møttes vi på parkeringsplassen øverst i Årdalen tidlig på morgonen midt på sommaren i år.
Etter litt forsiktige høflegheitsfrasar, titting på syklar og dei obligatoriske spørsmåla knytta til sykkelformen, la vi i veg. Det hadde vore fleire veker utan regn, så håpet var at forholda skulle vere optimale.
Juni, men ikke sommer
Den første kilometeren var grei sykling før vi la syklane på ryggen og bar dei opp til Stegsvatnet. Dette er på nesten 800 moh, og her var det ikkje sommar.
At isen dekte vatnet var ingen overrasking. Litt verre var det at sidene var snødekte og den uthogde stien til oksekarane berre delvis var synlig. Vi fikk sykla litt før vi måtte starte på snøen. Heldigvis var den mjuk nok til at vi fikk fotfeste og fast nok til at vi ikkje sklei ut. Den uthogde delen av stien var moro å gå på, men berre i liten grad mulig å sykle på.
Frå slutten av Stegsvatnet bedra mykje seg. Snøen trekte seg delvis tilbake, slik at vi fikk svaberg å sykle på. Håpet returnerte og vi såg for oss ein tidlig ankomst til Nausdal.
Og vips: Lokalkjendiser på trykk!
Ved Langevasshytta møtte vi ein oppsynsmann for reinsflokkane i området. Han var svært overraske over å møte personar i det heile, og han stussa over at vi hadde valgt å ta turen med sykkel. Han tok eit par bilde med kompaktkameraet sitt og ønske oss lykke til. I slutten av september dukka bilda hans opp i lokalavisa Firda under tittelen ”Ungdommelig pågangsmot”. Tipper han lett kunna bytta ut siste ordet med dårskap, men han var vel for hyggelig.
Frå Vonshytta til Langevatna var det grei sti på tørr myr og svaberg, utan at det var heilt lett å få opp flyten.
Vi hadde bekymra oss for turen langs Langevatna, men det var verre enn vi hadde forestilt oss. Snøras flytter på urene kvar vår og det er uenigheit mellom kjentfolk kva side av vatna det er verst å passere. Vi hadde vanskelig for å sjå for oss at det kunne vere verre på andre sida, men det er nok mulig. Passeringa av dei to vatna kan beskrivast med eit ord; ille. Nok om det. Stien mellom vatna var grei.
Endelig nytelse
Etter passering av vatna hadde vi att det stykket som eg hadde størst forhåpningar til. Stien gikk slakt nedover på delvis torv, svaberg og myr. Stien svinga seg gjennom open småskog uten at skogen hindra oss nevneverdig. Det har vore mykje sauer i område inntil nylig, så stien var til tider god. Utsikta nedover dalen til Vonavatnet var strålande, og for første gang på turen kunne vi nyte litt skikkelig syklig.
Dette var den klart beste syklinga på turen. Litt før stølen bestemte vergudane at vi hadde hatt nok fint ver, og at vi trengte litt regn. Svaberga vart glatte, motet fekk seg ein knekk - og vi følte nok at turen snart burde vere over.
Avslutninga på turen er nok det som gjer at eg må tenke meg om fleire ganger før eg gjer turen på nytt. Frå stølen var det opptrakka torv, kupert og tett bjørkeskog. Vi trilla og bar syklane store deler av den siste biten, og enda med å ta ein snarveg over nokre myrar for å raskt kome ned på grusveg.
Planen om å avlutte med stien langs Trodalsvatnet, vart enkelt avslått.
To slitne karar trilla ned den lange Nausdalen i regn, før vi vart plukka opp i bil av min hyggelige sambuar litt over ni timar etter at vi starta. GPS-loggen viser 22 km på sti, men kroppen føltes som om den hadde fått ei langt kraftigare dose.
Pål vart skyssa tilbake til utgangspunktet før eg inntok sofaen.
DAG 2: Langs Trodalsvatnet 18. juni 2006
Sofa og god mat gjorde at eg neste morgon følte meg pigg nok til å ta turen langs Trodalsvatnet. Dessverre hadde Pål andre planar, så det måtte bli ein solotur. Eg vart kjørt til garden Reinene i Nausdalen. Herfrå går det ein gamal ferdselssti til Angedalen nord for Førde. Den har delvis vorte holdt ved like, og i nyare til er det brukt ein del dugnadstimar på å rydde skog.
Drapet i 1839
Det knytter seg ei litt morbid historie til staden. Midt langs Trodalsvatnet ligg ein liten gard, der tenesteguten Mads Trodalsstrand holdt til for litt over 150 år sidan. Den 19. juni i 1839 kom ein handelskar forbi. Mads var tydeligvis ein handlingens mann, for han tok livet av handelskaren, forsynte seg med pengane hans og søkte liket i vatnet. Mesterplanen hadde nok svakheiter, for Mads vart tatt og dømd til døden. Straffa vart omgjort til fengsel, og etter at han slapp ut busette han seg i Angedalen.
Stien eg sykla gikk forbi den gamle garden, og det var ikkje fritt for at eg titta meg over skuldra då eg passerte. Det var tett tåke og vinden ruska i buskene, og eg hadde trass alt pengar i lomma til ein kaffe i Førde.
Fin utsikt, middels sti
Også denne turen hadde litt bering av sykkel i ur, men det var heldigvis ikkje lange biten. Store deler av denne turen er grei sykling og naturen er svært vakker, men heller ikkje denne er noko perle av ein sykkelsti. Frå slutten av vatnet og ned til Angedalen er det heldigvis ei super nedkjøring. Våte røtter og sleipe steinar vart raskt gløymt då eg endelig vart påspandert ein bit skikkelig stisykling, så her drista eg meg til å dra på litt.
Vel nede i Angedalen var det ein lett sykkeltur tilbake til Førde. Totalt utgjorde denne turen ca sju km på sti.
Og konklusjonen?
Ingen av turane står for meg som innertier når det gjeld stikvalitet. Derimot hadde turane ein del andre ingrediensar som dei lokale turane i Oslomarkene ikkje byr på.
Gransking av kart, rare telefonsamtalar med lokale kjentfolk for å få beskrive stiunderlaget, og ikkje mist at eg fekk ein sykkeltur med ein person som eg truleg aldri elles hadde møtt.
Kort sagt gav disse to dagane litt ekspedisjonsføling. Takk for turen Pål, eg har alt leita fram kartet og er klar for ei ny økt til sommaren.
Første turen er beskrive i boka Opptursom tur 13-08 og 18-01, og tur to er omtalt som 14-08. Eg nytta kartet "Indre Sunnfjord" 1:100 000.