Deltakargrensa på 350 deltakarar i Devold Nibberittet den 13.juni er nå nådd. Men denne grensa gjeld ikkje for dei som ønskjer å ta del i landets første NM i motbakkesykling som er innlagt i årets Devold Nibberittet. Meisterskapet har status som uoffisielt NM sidan det er første gong det arrangerast.
Store delar av løype vil i år verte stengt for biltrafikk. Dette skulle gje topp forhold langs den 21 km lange oppstigninga frå Geirangerfjorden til fjelltoppen Dalsnibba 1476 meter over havet. Snøfresar starta gjennombrøytinga av Geirangervegen rett før påske. Det er litt mindre snø enn normalt og høg temperatur dei siste vekene gjer at snøen smeltar raskt. Likevel er det rikelig til å sikre meterhøge brøytekantar den 13.juni. Kontrastane mellom fjord og fjell kjem til å vere store også i år.
Vinnartida og løyperekorden frå 2008 er det Alf Roger Holme som har på 1,03.39. Dette gjev ei snittid på 19,5 km/t. Dette høyrast kanskje ikkje så raskt ut på ein sykkel, men løypa går altså oppover nesten overalt og sluttida til Holme tilsvarar ein høgdemeter kvart 2.6 sekund!
Slike prestasjonar inspirerte til å ta initiativet til å opprette det første NM i motbakkesykling, som altså inngår i Devold Nibberittet 2009. NCF har no utarbeida retningslinjer for framtidige arrangement: - Løypa skal vere minimum 15 km lang og kan innehalde både asfalt og grusdekke- Løypa skal ha ein høgdeforskjell frå start til mål på minimum 1000 m - Det kan kun nyttast terrengsykkel med maksimum 29" hjuldiameter - Det er inga klasseinndeling, bortsett frå skilje mellom kvinner og menn - Aktiv lisens er påkrevd - Motbakkeritt kan kjørast som temporitt eller som fellesstartritt. - Følgjebiler er ikke tillatt
I det uoffisielle NM er det inga deltakargrense.
Same dag arrangerast også NM i motbakkeløp i same løypa (Devold Geiranger Halvmaraton) samt ein turmarsj og eit kortare løp. Alle fire arrangementa går under namnet Geiranger frå fjord til fjell. Vi ønskjer velkomen til ein knallhard utfordring i Geiranger! Påmelding på www.frafjordtilfjell.com.