Klikk her for å lese det første reisebrevet
Tekst: Pål Kristian GimmestadFoto: Håvard Johnsen Rygg og Pål Kristian Gimmestad
Andre etappe av «eventyret» vårt starta som kjent med ein solid dose frustrasjon. Den kanadiskregistrerte bubilen vår bestemte seg kjapt for at USA ikkje var plassen. Forutan å drikke respektable 2,7 liter bensin på ei mil langkjøring, skulle det vise seg for at det mekaniske heller ikkje ville spele på lag.
Straks vi køyrte i land i Port Angeles i staten Washington, kom det stadig fleire urovekkande lydar frå motoren. Etter ein køyretur gjennom Washington, som tok ein dag lenger enn normalt, eskalerte dunkinga og hakkinga ytterlegare. Og motoren virka stadig mindre kraftfull. Då vi kom over grensa til Oregon, tok vi ei avgjerd på å stoppe på den første og beste verkstaden vi kunne finne.
Heldigvis for oss vart dette Scovel´s Toving and Service Center i Manzanita. Manzanita er lokalisert på stranda, berre eit kvarter nord for legendariske Rockaway Beach og er eit lite samfunn som stort sett består av feriehusa til rikmannsfolk frå Portland og Salem, i tillegg til eit knippe lokale. Det smellvakre og gnistrande reine sentrumet ligg difor folketomt i vekedagane.
Den dyktige mekanikaren Rick Scovel brukte 3 minutt med lytting på motoren for å finne ut kva som var feilen. Ein av ventilane opna seg ikkje, og fleire av dei 15 andre opna seg ikkje tilstrekkeleg. Dette skulle vise seg å kome av at kamakselen på den store V8 motoren var heilt nedslitt. Dette gjorde til at nokon av stempela ikkje leverte full slagkraft, og at ein av dei rett og slett jobba imot dei andre. Sidan vi måtte vente i heil veke på delar og verkstadplass, lot Rick oss campe i bakgården til verkstaden. Han lot oss i tillegg koble oss til straumnettet heilt gratis.
Familien Scovel synest tydlegvis så synd på oss at dei ved eit par anledningar tok oss med heim. Der fikk vi etterlengta tilgang til dusj i tillegg til middag og «American Idol» på ein 2x1meter stor plasmaskjerm-tv. Ellers fikk vi dagane til å gå ved hjelp av det lokale helsestudioet og endelause turar langs stranda på leiting etter spennande drivgods. Vi såg og utallege leigefilmar på laptop for 1 dollar per stykk. Stiane i området var fleire hakk over middels og nokså lange. Men sidan stisykling var ulovleg i store delar av Oregon, kunne vi ikkje gjere dette meir enn eit par gangar.
Da bilen endeleg var reparert, var det ein lettare bekymra Rick Scovel som sendte oss vidare sørover. Reparasjonen hadde gjort motoren meir stillegåande, og gjorde det difor mogleg for Rick å avdekke slark i eit lager på eit stempel. Å reparere dette ville ikkje bli økonomisk forsvarleg på ein såpass gamal bil. Han valgte difor å be til høgare makter om hjelp til at motoren skulle halde saman heile turen.
Den gavmilde og ærlege mannen endra i tillegg timetalet for jobben frå 14 til 6. Noko som førte til at rekninga kunne samanliknast med skifte av ein tennplugg, oljefilter og wunderbaum på ein norsk verkstad.
California
Då turen var i planleggingsfasen, hadde vi store problem med å plotte inn ruta gjennom California. Geir Kjosavik, som er bereist i området, kunne varmt anbefale Santa Barbara, langt sør i staten. Men vi trengte fleire stoppestader før det. Informasjonen om dei ulike destinasjonane i nord, var særs sparsommeleg på verdsveven.
Lokalbefolkninga kunne seinare fortelje at dette skuldast store delar privateigd skog og utmark. Eigarane vil difor helst unngå at det strøymer til med sykkelturistar som slår seg helselause i deira steinrøys og dermed saksøker på ekte amerikansk vis. Vi valgte på grunn av dette å ta heile Nord-California på sparket.
På ekte «roadtrip-vis» stoppa vi på ulike sykkelbutikkar langs Highway 101 for å spørje etter info om den lokale syklinga. Denne taktikken førte oss, etter ein obligatorisk stopp i Redwood Forest, til den mest merkelege plassen vi nokonsinne har satt vår fot i. Ein stupbratt og nervepirrande, asfaltert kjerreveg førte oss til «fristaden» Shelter Cove.
Tempoet på denne plassen var mildt sagt lavt. Og det virka som om vi hadde rulla bubilen vår inn i ein annan tidsalder. Forutan å studere den mildt sagt høgtsvevande lokalbefolkninga, tok vi årets første bad. Dette skjedde i enorme stillehavsdønningar blandt sel, sjøløver og pansjonerte surfarar med alt for mykje «botanikk» innanbords.
Vi brukte lang tid på å leite etter den umerka stien, som i følge ein butikkmedarbeidar i Eureka, skulle være som ein versjon av den berykta A-line i Whistler, men for XC-sykling. Då vi var i ferd med å gi opp, og forlate staden, støtte vi heldigvis på Chris Clutton frå Fort Bragg. Han var ute i samme ærend, og var meir enn villig til å guide oss.
Stien var designa av folk frå forbundet og var skjert ut av ei spesiallaga maskin for stibygging. Den var lagt opp for å lage best mogleg flyt og best mogleg førehald mellom klatring og utformoro. Stien var verkeleg perfekt! Etter ein times klatring opp noko som føltes som over 100 hårnålssvingar, nådde vi toppunktet og moroa starta.
Stien bukta seg nedover ei slak helling med hopp og doseringar utan bruk av hverken brems eller pedal. Og etter over to timar med reinspikka moro opp og ned, enda vi på samme plass som vi starta.
Chris kunne fortelje at det planlagte området etter kvart skulle omfatte over 60 kilometer med sti av samme, gode merke.
Til tross for suksessen i Shelter Cove, kom vi fram til at slike avstikkarar ikkje kunne svare seg reint økonomisk. Bilen drakk framleis enorme mengder bensin. Og grunna den litt usikre tilstanden til motoren, ville vi ikkje ta fleire omvegar frå den planlagte ruta. Vi valgte difor å ta igjen skjema etter den ufrivillege stoppen i Manzanita, hoppe bukk over resten av California og reise rett til Arizona.
Flagstaff
Etter to glovarme dagar med køyring frå morgon til kveld, nådde vi Flagstaff. Eit par månadar i forvegen kjøpte underteikna ei pent brukt stiramme med gaffel av ein kar i Phoenix. Scott, som karen heiter brukar kvar ledig helg til å sykle sti og utfor i Flagstaff. Han understreka gang på gang den høge kvaliteten på stiane i området rundt Mt. Humphreys, som er den høgaste toppen i Arizona.
Planen var eigentleg å gjere eit obligatorisk turiststopp i Grand Canyon og deretter reise rett til Moab. Men vi valgte å stole på lovorda til Scott og avsjå nokre dagar nord i den varme staten.
Å være syklist i Flagstaff er særs enkelt. Alt er tilrettelagt for sykkelbruk, og sentrum myldrar av syklistar. Sjølv om staden har under 100 000 innbyggjarar, har den heile fem sykkelbutikkar. Dei fleste av desse spesialiserer seg på XC-syklistar med sans for hjul med stor diameter. Overalt i sentrum kan ein sjå dyre 29-arar låst fast til lyktestolpar utanfor dei utallege pubane.
Dette kan ein sjå til alle døgnets tider, sidan det å stjele ein sykkel i Flagstaff visstnok medfører offentleg uthenging på linje med det ein kunne forvente for hestetjuveri i «gamle dagar».
Etter berre to timar i denne koselege byen, hadde vi skaffa oss gratis stikart, gratis camping og var i full gang med å utforske stinettet, berre 20 meter frå bubilen vår. Flagstaff ligg på samme høgde som dei aller høgaste toppane i Jotunheimen. Så på grunn av dette orka vi berre ein tur opp og nedatt den 8km lange «Schultz Creek Trail».
Stien er ein slags tilkomssti til dei høgareliggande stiane og er kun ein «teaser» på kva som venta lenger oppe. Den var likevel utruleg artig. I likheit med den omtala «Bronco´s Preservence» i Cumberland, var denne ein studie i fart, flyt og pedalbruk i tyngste gir. Forskjellen var at «Schultz» var over dobbelt så lang.
Men underlaget hadde på ingen måte det samme, gode grepet som den faste, fuktige skogbotnen på Vancouver Island. Den knallharde grusen var til ein kvar tid dekka av eit 3 cm tjukt lag med finkorna støv.
Ved fleire høve var vi på veg rett ut i periferien, men vart kasta attende av naturlege doseringar. Stien bukta seg nedover eit lite dalføre, langs ein bekk som ein kryssa 5-6 gangar i høg fart.
Turen gav verkeleg trua på neste dag, som skulle bestå av kontinuerleg utfor «shuttles». Den behjelpelege Scott, kunne desverre ikkje kome til Flagstaff på grunn av beinbrot. Han satte oss difor i kontakt med høvdingen i det lokale utformiljøet, JP. Saman med sørafrikanaren Simon, konkurrerer han i verdscupen for «masters» (32 år+).
Sjølv om Simon har passert 40 år, tok han i fjor bronse i VM, rett bak den nesten 10 år yngre sigersherren Shaums March. Desse to karane er høgt respekterte i lokalmiljøet, og kan på ingen måte klandrast for å koke bremseveska si.
Både syklar og folk vart lasta opp i ein skranglete, blå pickup frå tidleg 70-tal, og vi satte kursen frå toppen av Mt. Eldon.
Første løype ut var Wazabi. Denne løypa vart som regel brukt som oppvarmings-run, før det verkeleg braka laust. Men løypa var likevel nokså teknisk, og stadvis godt over middels bratt med mange hopp og sprett undervegs.
Høgdepunktet i løypa er heilt klart «Wazabi gap». Det perfekte «kvardagsstunt». Akkurat stort nok til å få kjensle av flytid, men likevel ikkje så stort at liv og utstyr vert satt på spel.
Eit kort og bratt tillaup, ein hoppkant med passeleg sprett, og ei landing som føltes som varm kniv i smør uansett kor dårleg ein landa. Landinga føltes like silkemjuk både på utfor og stisykkel. Byggmeisteren «Dante» har blitt påspandert utallege «fat tire»-øl på grunn av dette byggverket.
Men som sagt var dette kun oppvarming. Neste løype ut, «Private», var verkeleg ei utfordring av dei sjeldne. Den opna forsiktig med fem gode doseringar i høg fart, før ein stuper utfor ei bratt fjellside. Dette var ei løype som ein aldri vart heilt komfortabel med, til tross for at den var hysterisk morsom.
Løypa går «hals over hovud» nedover små dropp, steinrøyser og røter. Før ein veit ordet av det, befinn ein seg oppå ein eller annan kampestein på storleik med ein folkevognbuss. Einaste måten for å finne ut om utgangen er eit dropp eller ein «rolldown» er å bedømme kor fort hovudet til JP forsvinn utfor kanten 3 meter framfor.
Avslutninga var mildt sagt spektakulær. Eit 40 meter langt og ukristeleg bratt svaberg. Bileter yter, som vanleg, ikkje rettferd til kor bratt dette såg ut frå toppen. Ein har ingen moglegheit til å sjå kor ein endar opp hen når ein står øverst. Og ein har heller ingen moglegheit til å trykke på «exit» så snart framhjulet er inne på berget. Men grepet var veldig bra, og etter kyndig vegledning frå 4X-stortalentet Erik Nelson, gikk dette som ein leik, og inviterte til fleire runder.
Det var likevel stisyklinga i «Flag» som verkeleg utmerkte seg. Stinettet fevner om utallege kilometer og om alle terrengkarakterar. Alt frå tekniske steinrøyser til superraske nedkøyringar med store «godsvingar».
Ein tur ned «Sunset», «Pickled» og «Rocky Ridge», rett bak hjulet til JP, sit framleis spikra som det kjekkaste underteikna nokonsinne har gjort på ein sykkel.
«Sunset trail» er den mest populære stien i området, og dette med god grunn. Stien er ein slik sti som ein gjerne drøymer om. Den startar oppe på Mt. Eldon på ca 3100 meter over havet.
Den følgjer kanten nedover nokre kilometer med høg fart i middels teknisk terreng. Deretter snor ein seg igjennom ei ansamling av store, runde steinar, kjent som «Hobbit Forest» før ein vert slept laus nedover den flottaste stien eg nokonsinne har sett.
Ein susar igjennom store «carvingsvingar», omkransa av mektige furutre, store steinar og brunsvidd gras. Herlegheita varer i ca ein kilometer, før ein forserer ei 5 min lang klatring og startar festen på nytt.
Grepet i dei store svingane er godt under middels, og begge hjula skrensar rundt svingane. Men etter to bestemte pedaltråkk, er ein attende i samme fart som før. Sunset endar halvvegs oppe i stinettet. Så dersom ein klatrar 1,5 kilometer opp «Short and Gnarly» har ein framleis mange høgdemeter att.
Akkurat her startar den hemmelege stien «Pickled». Dette er ein teknisk sti som består av utallege spennande og tekniske parti med doserte svingar imellom. Denne linkast enkelt opp med stien med det velklingande namnet «Rocky Ridge». Denne er, som namnet antydar, steinete. Men likevel kan ein halde stor fart, og ein har ikkje sjans til å halde seg i skinnet, sjølv om lår og lunger skrik etter pause. Den endar ved bunnstasjonen og er ei naturleg avslutning på mange av stikombinasjonane i området.
Stiane i Flag er mange og lange. Felles for dei alle er at dei er veldig artige å sykle og samtidig gir god treningseffekt.
Både syklinga og staden Flagstaff var så bra at planen vår om å bli i «ein to-tre dagar» gikk totalt i vasken. Vi enda til slutt opp med å bli i 17 dagar! Og til tross for nesten to sykkelturar for dag, vart ikkje heile stinettet dekka.
Vi møtte utruleg mange spennande personlegheiter. Og 17. mai-feiring på ein av dei mange utestadane førte til avtale om stitur med «Mtb Hall of Fame»-syklist og rammedesignar Joe Murray. Men dette gikk sjølvsagt i vasken, sidan han ikkje feira 17. mai like ivrig, og difor var klar til å sykle allereie kl 09.00.
Å forlate denne plassen var ikkje lett. Men sommarmånadane nerma seg, og vi hadde ting som venta lenger nord.
Moab
Etter ein dag som turist i Grand Canyon, rulla bubilen vår inn i sykkelmekkaet Moab. Endeleg fikk vi litt flaks og ankom midt i ein kuldeperiode med «berre» 25 varmegrader. Med andre ord perfekt for bleike vestlendingar. Det første som slo oss når vi kom til plassen, var kor frodig det eigentleg var.
Vi hadde sett for oss Moab som ein ørken av stein og sand så langt auget kunne sjå. Men i realiteten var dalbotnen dekka av eit grønt teppe med gras og busker og det yrande sentrumet var mest som ein oase å rekne. Midt i det heile, finn ein Moab Cyclery.
Som namnet antyder, er ikkje dette kun ein «flashy» sykkelbutikk med stive prisar. Det er rett og slett eit «sykleri». Dei tilbyr alt!
«High-end» leigesyklar frå Ellsworth og Santa Cruz, reparasjonar, turtips, guiding, skyss til toppen av dei kjente klassikarane og dusj til sveitte campingturistar. Med andre ord alt ein treng for å gjere det beste utav opphaldet.
Vi hadde lenge gleda oss til å sykle den berømte svabergsstien «Slickrock Trail». Men dette skulle vise seg å bli litt av ein skuffelse. For det første, var stien på ingen måte så endelaus som vi hadde trudd på førehand. I tillegg hadde ein ikkje lov til å bevege seg meir enn 15 meter utanfor dei kvite markeringane. Så leikinga og hoppinga på bergformasjonane, som vi hadde sett fram til, var ikkje mogleg.
Når ein i tillegg gjennomfører turen på ein søndag, med ein syklist per 100 meter, har ein sjølve oppskrifta på skuffelse. Klatringane var faktisk det kjekkaste med heile turen, sidan grepet var framifrå.
Proppfulle av energi etter å ha tilbrakt ein heil dag i Grand Canyon utan sykling (!), og metta med raude blodceller frå over to vekers høgdeopphald, tok vi heile greia som ein heseblesande treningstur.
Med tunga på brystet og «syre» til langt over øyra sykla vi dei tunge «gummikuene» våre i sikksakk mellom ein skog av lycrakledde turistar, som tok søndagsturen litt meir bedageleg enn oss. Men tross skuffelsen, var det i ettertid veldig greit å kunne seie «been there, done that». For min eigen del, vegde dei to påfølgande dagane heilt klart opp for dette med god margin.
Etter å ha stått grytidleg opp og lagt utfordekk på RFX´en, møtte eg forventningsfull opp på sykleriet kl 07:30. Saman med eit ungt, engelsk ektepar og ein smekkfull buss frå konkurrenten «Poison Spider», vart eg skyssa opp til toppen av den 30 km lange nedoverstien «Porcupine Rim». Dette er ein tur eg kjem til å minnast i mange tiår framover.
Forutan nokon korte klatringar undervegs, er stien ein endelaus nedoverbakke. Den vekslar mellom små, kjappe svingar, superraske strekker med hopp, små dropp og utfordrande nedkøyringar. Høgdepunktet må heilt klart bli «cruxet» i øvre tredjedel av løypa. Det er ei steinrøys med medisinballstore steinar utan nokon openbar linje imellom.
For å gjere det heile meir interessant, befinn røysa seg midt inne i ei bratt, smal renne med ein 90graders sving på slutten. Denne korte biten er heilt klart det mest spennande eg har sykla utan utforsykkel mellom beina.
Resten av stien foregår stort sett i høg fart. Terrenget bølgar seg nedover med naturlege hoppkantar overalt. Desse innbyr til «takeoff» utan å seie noko om at landinga er ei steinrøys.
Fleire gangar redda det 1,5 kg tunge Highrollerdekket meg frå både punktering og felgbrekkasje.
Porcupine Rim er ei hysterisk morsom oppleving frå start til slutt. Den er lang og krevjer mange pausar, noko som fører til at ein vert godt kjent med dei ein syklar i lag med. Dette gjorde turen enda meir vellykka. Dette er den første stien eg har sykla der eg har følt at eg har fått utnytta potensialet i stimonsteret mitt. Og for meg vert denne stien sjølve definisjonen på 6 tommers sykling.
Sidan eg likte denne stien så godt, vart eg anbefalt å avslutte Moab-opphaldet med ein tur ned «Jacksons». For å komme til toppunktet, må ein klatre opp «Ameasa Black Trail», som er ein blanding av grus og svaberg. Med søndagens fysiske utskeiing på Slickrock framleis liggande å murre i musklaturen, vart denne klatringa ei hard nøtt både fysisk og psykisk.
Då eg endeleg kom til toppen, støtte eg på Dan og Brandon frå vestkysten. Dei hadde vore i Moab for 3 år sidan. Då hadde dei sykla med guide, og fått prøve ein hemmeleg førsteetappe av Jacksons. Denne er ikkje avmerka på noko kart, sidan dei rett og slett ikkje vil at nokon skal sykle der utan guide. Dette ville eg gjerne være med på, og slengte meg difor med desse to karane.
Men retningssans og hukommelse på folk frå Virginia, er tydelegvis dårleg. Vi brukte to timar, samt nesten heile drikkesekken min på å sose rundt på eit enormt fjellmassiv før vi endeleg fant inngangen.
Om dette kan kallast ein sti er eg nokså usikker på. Men moro var det absolutt. Dei knøttsmå steinvardane sendte oss utfor steinrøyser, 90 graders svingar på kanten av bratte skrentar, og utallege 1-1,5 meters dropp med paddeflat landing. Alt dette skjedde med eit dyrt og ubeskytta speilreflekskamera i sekken.
Etter ei lita klatring for å gjennvinne høgda, nådde vi inngangen til Jacksons. Denne var av litt mildare karakter, sett bort ifrå at den befinn seg stadvis på ei fjellhylle med mektige Colorado River langt nedanfor venstre hånd. Med andre ord ikkje nokon høveleg sti for folk med høgdeskrekk.
Avslutninga på stien besto av 7-8 stupbratte og steinete hårnålssvingar, som krevde aktiv bruk av frambrems for å manøvrere seg rundt. Sjølvsagt hadde Colorado River bestemt seg for å gå langt over sine bredder denne dagen. Vi måtte difor traske i tre kvarter gjennom ei steinrøys full av kaktus, for å komme høgt nok til å krysse sideelva, som vanlegvis er ein 1m brei bekk. Det var difor særs godt å få skyss av Dan og Brandon attende til sykleriet.
Moab var ein utruleg spennande plass. Mange koselege butikkar og caféar. Men framfor alt god sykling. Bratt og teknisk terreng, som vil passe dei fleste norske stisyklistar perfekt.
Dersom ein har ei veke å avsjå, men mykje pengar på bok, kan ein verkeleg ha ein draumeferie i Moab. Vi skulle gjerne blitt der lenger, men det nerma seg stygt Juni månad og ankomst Sun Valley. Og før det hadde vi enda ein plass å besøke.
Fruita
Fruita vert ofte dratt fram som ein av dei aller beste destinasjonane på det amerikanske kontinentet. Dette lokka oss, naturleg nok, dit.
Flotte bileter av «Joe´s Ridge», både i Terrengsykkel og andre store, internasjonale magasin, gjorde til at forventningane var skyhøge.
På sørsida av den vesle byen, finn ein teknisk utfordrande og variert terreng. På nordsida finn ein eit kompakt område med hardtrampa og smale stiar. Midt i dette området, har lokale krefter tromma isaman midlar til ein gratis campingplass.
På denne plassen finn ein 3 toalett og ca 10-12 idyllisk plasserte parkeringsplassar. Kvar av desse er utstyrt med eigen bålplass med grillrist, samt eit rasteplassbord av stein.
Ved hjelp av aluminiumsstigen til Håvard sin «hems», vart bordet sjølvsagt gjort om til eit Northshore-element som ein kunne leike seg på mens ein venta på at grillen skulle bli klar.
Syklinga i området rundt campingplassen var av ein heilt annan karakter enn vi var vande med. Alle stiane kunne lett syklast med fullt knestrekk heile vegen. Og fleire av dei kunne syklast med bremsefingrane trygt plassert rundt styret. Underlaget var knallhardt og ekstremt raskt. Og grepet var av ei anna verd.
Ein liten nedtur blei det dog då vi fann ut at den berømte «Joe´s Ridge» ikkje var stort meir enn akkurat det flotte bileteutsnittet. Men den kunne sjølvsagt linkast opp med dei andre stiane i området.
Dersom ein vil, kan ein dekke heile stinettet på føremiddagen. Deretter kan ein slappe av nokre timar i sola med litt saft, eller kansje brus? Og etterpå sykle heile sulamitten på nytt med friske bein.
Tredje dagen i Fruita, bestemte eg meg for å prøve meg på sørsida. Eg ville opne forsiktig med den vesle runda «Horsethief Bench» og etterpå sykle ned den, visstnok, tekniske stien «Moore Fun».
Inngangen til Horsethief var ei nokså teknisk nedkjøring. Men på ingen måte like stygt som i Moab. Likevel sendte denne meg over styret. Sidan eg ikkje rakk å klikke meg ut, fulgte RFX`en med rundt, og vart kasta langt nedover steinrøysa.
Eg reiste meg fort oppatt utan skader på hverken kropp eller sykkel. Men med skada stoltheit og fire vettskremte amerikanske syklistar som nettopp hadde høyrt eit utvalg av dei saftigaste glosene nynorsken kan by på.
Etter å ha gjennomført resten av runda på særs klønete vis, droppa eg elegant å sykle «Moore Fun» og satte kursen heimover. Når eg hadde sykla den 8km lange asfaltstrekka med stiv kuling midt imot, tenkte eg; «Pokker heller! No vil eg til Sun Valley». Som tenkt, så gjort.
Andre del av eventyret var verkeleg ei flott oppleving. Sjølv om taket på bubilen er i ferd med å ramle ned, går motoren stadig. Delar av dashbordet manglar, etter eit ublidt møte med vestnorsk syltelabb. Og panelet på utsida har utallege knokemerker etter diverse raserianfall ved kaldstart.
Men heldigvis har den, til no, latt være å bryte saman på nytt. Eit skår i gleden vert det likevel. Håvard pådrog seg ein skade i Flagstaff, og kan difor ikkje sykle noko særleg. Han har difor bestemt seg for å returnere til gamlelandet.
Sjølv kjem eg til å fortsette aleine. Men kjem nok til å endre litt på reiseruta. Sidan bensinutgiftene automatisk doblar seg når ein reiser aleine, kan eg ikkje ta den planlagte omvegen nedover til Tahoe. Dette er veldig synd, men eg er viss på at BC og Whistler kan gi minst like mykje valuta for pengane.