Amerikabrev - Del 1

Mange drømmer om å ta seg noen måneder fri, sette seg på flyet til Canada og bare sykle. Noen få gjør det. Her er første rapport fra Pål Kristian Gimmestad og Håvard Johnsen Ryggs store utflukt som pågår nå.

Sist oppdatert: 2. mai 2008 kl 15.10
Panorama: Håvard speidar utover Cumberland, BC.
Panorama: Håvard speidar utover Cumberland, BC.
Lesetid: 8 minutter

Tekst: Pål Kristian GimmestadFoto: Håvard Johnsen Rygg og Pål Kristian Gimmestad

Einkvar terrengsyklist med respekt for seg sjølv har på eit eller anna tidspunkt følt trangen til å utforske dei kjente, og mindre kjente, terrengsykkeldestinasjonar rundt om på det nordamerikanske kontinentet.

Som ein konsekvens av ein overdose «Drop in TV», sykkelfilmar og sykkelmagasin, tok underteikna og barndomsvenn, Håvard Johnsen Rygg, ei avgjerd. Vi satte vidare studiar på «vent», skaffa oss jobb og plotta ut ei reiserute i USA og Canada på nestan fire månadar.

No er reisa i gang.

Del 1: Cumberland,Vancouver Island

Etter nestan eit heilt år med 12-timars skift, sparing og null sosialt liv er det to lettare skeptiske karar som står i ein oppkjørsel i den sossete bydelen Tsawwassen i Vancouver. Vi inspiserar dekkmønsteret på ein 27 år gammal rustholk som skal bli heimen vår dei neste månadane.

«Den går som ei klokke, men ingen garantiar», seier den korpulente pensjonisten med britisk aksent. Etter ein dag i tenkeboksen legg vi 2000 kanadiske dollar på bordet og startar eventyret.

Første stopp vert Bellingham, heilt nord i den amerikanske Washington state. Her plukkar vi opp ein Turner RFX som underteikna kjøpte brukt på www.pinkbike.com. Dagen etter går turen attende til Canada, og vi tek ferja over til Vancouver Island. Etter ein liten times køyretur når vi vår første terrengsykkeldestinasjon, Cumberland i Comox Valley.

Cumberland er ein nedlagt kolgruveby på storleik med ein middels stor tettstad i Sogn og Fjordane. Husa er gamle og gatene er nesten heilt tomme på kveldstid. Einaste teikn til aktivitet finn vi i eit kvartal halvvegs ned hovudgata. I dette kvartalet finn vi The Riding Fool Hostel, Dodge City Cycles og Tarbells Coffe Shop. Og i ettertid skulle det vise seg at nesten heile byen sirkulerar rundt dette kvartalet.

Stiane i Cumberland fevner om eit stort spekter av sykling. Her fins fantastisk flytsti, stupbratt vestlands-utfor, og doserte frikøyringsløyper med innebygde hopp, «logrides» og «skinnies». Mesteparten av utfor og frikjøring fins på The Forbidden Plateau, 10 min køyring frå sentrum. Uheldigvis for oss hadde Cumberland ein rekordvinter med tanke på snømengd, og stiane på «Forbidden» var dekte av snø ca halvvegs opp.

Stiane i området rundt sentrum hadde ikkje like mykje høgdemeter å by på. Men det fans uendeleg med stiar frå øverste hylle, og alt var pakka inn i eit særs kompakt område. På denne måten kunne ein sykle rundt i timesvis utan å bli lei. I tillegg var det umogleg å sykle seg vill, sidan alt starta og slutta meir eller mindre på samme stad.

 

XC/stisykling

Eigaren av Riding Fool Hostel, Jeremy, anbefalte oss via e-post å utruste oss med «a fairly light xc-bike». Når eg viser han min tungt utrusta RFX, seier han: «Man! That`s a perfect XC-bike for the trails around here». Allereie då skjønar vi kva kanadisk stisykling handlar om.

Stiane er perfekte! Korte, tekniske klatringar, etterfulgt av tre gangar så lange utforkjøringar med bølgande terreng og naturleg doserte svingar. Korte og intense stiar med jamn, høg puls heile vegen.

Skogbotnen er våt og gjørmete og full av røter. Men av ein eller anna merkeleg grunn vil ikkje gjørma pakke seg i dekkmønsteret. Røtene har i tilllegg uvanleg mykje friksjon. Dette fører til at tilsynelatande umoglege klatringar sit som eit skudd, og vi angrip svingar med ein sjølvtillit som vi aldri har hatt før.

Og akkurat når du føler deg totalt «XC», kjem det ei trebru eller ein «skinny» som minner deg på at du befinn deg i BC.

Favorittstien vår vart fort «Bronco`s Preservence». Dette er ein av dei mest perfekte stiane vi har sykla nokonsinne. Slak nedoverbakke heile vegen. Ein står og trør i tyngste gir, kun avbrutt av halvdoserte svingar, eller ein hump som ein berre er heilt nødt til å bruke for å få luft under vingene.

Frikjøring

Cumberland er ein perfekt stad for ferske frikøyrarar. Her fins lite av dei enorme droppa som ein gjerne ser i diverse sykkelblad og filmar. Alle installasjonane er bygde av hobbysyklistar heilt frå 14 til 60 (!) år og det meste er overkommeleg, sjølv for oss som er mest vant med å ha begge hjula på bakken. Så og seie alle hoppa var dog veldig korte og bratte med «gap» imellom og krevde ein god del tilvenning.

Men etter eit par famlande turar og eit øydelagt bakhjul, var ikkje dette noko problem. Løypene «Bucket Of Blood» og «Broadway» var to av dei beste løypene. Doseringar i kvar einaste sving, masse små og artige utfordringar undervegs, og eit hardt, fast underlag som vart velikeholdt minst ein gang i veka.

Utfor

Utforløypene i Cumberland er det lett å føle seg heime i. Den lokale konkurranseløypa «DC/DH» er ei perfekt blanding av raske, svingete parti og skikkeleg bratte steinrøyser. Den nedre halvdelen av løypa eroderer nesten heilt vekk under kvar vårløysing. Men store mengder jord og grus, saman med utallige dugnadstimar, sørger for at den er i topp stand før kvar sesong.

Den mest utfordrande nedfarten i området får ein ved å linke saman dei tre utforløypene «Grub», «Stub» og «Pity the fool».

Disse løypene er verkeleg bratte og utfordrande. Med røter, stein og svaberg overalt. Vi oppdaga disse tre løypene den nest siste dagen vi var i området. Så desverre fikk vi berre to gjennomkøyringar. Alle løypene er tilgjengelege via ein skogsbilveg som er akkurat lett nok til å sykle heile vegen opp. Sjølv med tung utforsykkel.

Vi fikk med oss ein liten smakebit av løypene på «Forbidden Plateau» i løpet av den siste veka i Cumberland. Tre av dei kortaste løypene i området var snøfrie, og kunne koblast saman til ein to timars tur med svabergsykling og tekniske nedkøyringar av øverste klasse. Vi kan nestan ikkje forestille oss kva slags moglegheiter som fins i dette området utpå sommaren.

Livet i Cumberland

Sommarstider er det eit yrande liv i den vesle tettstaden. «Riding Fool Hostel» er fylt opp av syklistar frå heile verden. Løypene, og dei to uteplassane er fulle. Vinterstider er det brett- og skikøyrarar som fyller opp byen, sidan Mt Washington ligg berre ein halvtimes køyring unna.

Vi tilbrakte første halvdel av april der - og det kan reknast som ei «dødsone» mellom sykling og vinteraktivitet. Likevel var stemninga på staden veldig god.

Kvar ettermiddag hadde parkeringsplassen nedanfor skogsbilvegen jamnt tilsig av store pickupar med lasteplanet fullt av langbeinte utforsledar. Dei lokale syklistane er særs hyggelege og fevner om begge kjønn og alle aldrar. Felles for dei alle er dyrt utstyr, metervis med vandring, og ikkje ein einaste SPD pedal. Sjølv dei mest hardbarka «Lycrafantoma» svergar til plattformpedal.

Sjølv fant vi oss til rette på ein avsides sideveg i skogen, der vi tilbrakte dei fleste nettene. Kvar morgon køyrte vi bubilen inn til parkeringsplassen og sykla ein to timars stitur. Seint på ettermiddagane sykla vi nokon timar utforsykling, så lenge vi hadde dagslys. Vi kjøpte i tillegg eit klippekort på treningssenteret med 10 klipp for 30dollar. Dermed hadde vi fri tilgang til dusj og styrkerom. Og kunne i tillegg parkere utanfor heile dagen.

Mellom slaga slappa vi av med billeg kaffi på caféen «Tarbells». Etter kvart vart vi så godt kjent med innehavaren, Pam Morrison, at ho lot oss parkere bubilen i hagen hennar. Pam er ei middelaldrande, eksentrisk dame som tilbrakte mesteparten av sine unge år som skiboms på Mt Washington. Ho lot oss bruke av straumen hennar, lånte oss varmeovn og gav oss to store kasser med mat frå kaféen. Noko som kom godt med, sidan budsjettet vårt ikkje akkurat er overdimensjonert.

Overalt møter vi hyggelege folk som vil hjelpe oss, eller berre vil helse på «Team Norway». Vi vert tatt med heim på middag, invitert med på shuttlesykling i Arizona i mai, og utstyrt med telefonnummer til kjentsfolk i hytt og gevær. Første stopp har vore akkurat slik som vi håpa på.

Turen vidare

Planen var i utgangspunket å tilbringe nokre dagar i Hood River i Oregon. Men vi ombestemte oss i siste liten, og valgte å ta turistveien 101 ned langs kysten. Og reise rett til San Fransisco-området via Redwood nasjonalpark.

Deretter vert det Santa Barbara, etterfulgt av Flagstaff, Moab, Fruita, Durango, Crested Butte, Sun Valley, Lake Tahoe og Whistler Bikepark. Vi gledar oss hemningslaust til turen vidare!

I det dette vert skrive, sit vi «værfast» på fjerde dagen på den vesle surfeplassen Manzanita, nord i Oregon. Motoren på bubilen har krangla heile vegen, og tilstanden har stadig forverra seg. Til slutt bestemte vi oss for å stoppe og gjere noko med det.

Vi ventar no tolmodig på reservedelane til bilen og nyt samtidig storslått natur og stisykling godt over middels. terrengsykkel.no kommer tilbake med neste del av det amerikanske eventyret til Pål Kristian og Håvard i løpet av de nærmeste ukene.

Publisert 2. mai 2008 kl 00.00
Sist oppdatert 2. mai 2008 kl 15.10
 

Relaterte artikler

 

Terrengsykkel.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Knut Andreas Lone, Sigurd Ekeli Grimsby

Tips oss: Send mail her!

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen