Dinglavatnet - Vardehornet - Røyslia/Klepp

Dinglavatnet

Sist oppdatert 30. juli 2005 kl 00.00
Dinglavatnet - Vardehornet - Røyslia/Klepp
Dinglavatnet - Vardehornet - Røyslia/Klepp

HVOR?

  • Kommune: Volda
  • Lengde: ikke angitt
  • Tidsbruk: ikke angitt
  • Vanskelighetsgrad: 6. ikke angitt

Slik kommer du dit

Ta grusveg frå Røyslia til Dingavatnet. Om du er i tvil sjølv etter å ha studert kartet, så spørr ein lokalperson. Dette er eit kjent jogge- og turmål

Endepunkt

Ein endar opp ved lærerhøgskulen i Røyslia, eller alternativt på Klepp.

Terreng

Grusveg til Dinglavatnet, deretter er det fin, smal sti. Nokre tekniske parti i starten, før stien blir slettare når du nærmar deg skogen.

Rutebeskrivelse

Stien staret ved ei hytte på sørsida av Dinglavatnet. Følg stien til du kjem til ein liten benk, og du innser at du er på turens høgaste punkt. Dette partiet følger ein smal sti lang åsryggen med utsikt over både Ørsta og Volda. Kva meir treng ein her i livet?

Herfrå går det nedover. Først på lett teknisk sti, før farta gradvis kan aukast når underlaget blir slettare. Det er fortsatt berre ein sti og velge mellom, så det bør by på store problem å miste denne her.

Det er ein liten rygg før du når skogen, som er turens høgdepunkt. Her er det berre å sleppe på det ein våger, og leite fram ditt breidaste smil. Lett svingete sti med granskog på tett hold gir god fartsfølelse. Mørk skog med tørt underlag plager vel ingen.

Etter skogen kan ein velge tre avslutningar; høgre, venstre eller litt høgre og rett nedover mot Volda.

Tar du til høgre ender du opp på Klepp. Følg traktorvegen til den blir til sti, og stien går gjennom ein skog og skogen tek slutt.

Tar du til venstre kjem du tilbake på grusveg, følger denne i til neste sving og tek av på stien som starter i svingen. Etter eit lite svabergparti og litt svingete sti, møter du på den avslutninga som er beskreven under.

Sykler du litt til høgre før du tar nedover retning sentrum, ender du ved lærarhøgskulen etter å ha kost deg på rask, lett svingete og passe smal sti.

Det er sikkert fleire stier ein kan kose seg på etter skogen, men dei har ikkje vi funne enno.

Publisert 30. juli 2005 kl 00.00
Sist oppdatert 30. juli 2005 kl 00.00
annonse
Relaterte artikler

Terrengsykkel.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Kristoffer Kippernes

Kommersiell leder: Alexander Hagen