Muligheter
#2554199 - 14/05/2019 08:12 Trans Pyrenees
VeganVelo Offline
Nytt medlem

Registrert: 13/05/2019
Innlegg: 3
Hei. Er det nokon her som har sykla Pyreneene på langs med stisykkel? Eg og sonen min skal sykle turen i juli og tek svært gjerne i mot tips, vegval og elles gode råd. Det er ein tur på omtrent hundre mil, med mykje opp og ned. Sjølve syklinga er ikkje noko problem, men me har aldri vore på sykkel i området før. Me skal sykle den spanske sida frå Middelhavet til Atlanterhavet.

Mvh. Dag Einar Hvitsand

Topp
#2554308 - 14/05/2019 14:03 Re: Trans Pyrenees [Re: VeganVelo]
hanedalen Offline
Maker of dreams

Registrert: 30/03/2010
Innlegg: 734
Har ikke tips, men har tenkt tanken på dette tidligere. Håper det kommer en fyldig turrapport etterpå😀

Vet tito tomasi gjorde en lignende tur i fjor. Virket til å være et hissig prosjekt.

Har dere gjort lignende prosjekter tidligere? Hadde vært moro å vist litt mer om turen (selv om jeg ikke kan svare på det du spør om)
Hvor mye regner med å bære vs sykle oppover?
Hvor stor del av turen går på sti?
Telt eller overnatting på hytter / hotell?
Hvor mange høydemeter er det snakk om?

Topp
#2554354 - 14/05/2019 16:51 Re: Trans Pyrenees [Re: VeganVelo]
VeganVelo Offline
Nytt medlem

Registrert: 13/05/2019
Innlegg: 3
Har ikkje gjort liknande tur tidlegare, bare sykla masse:-)
Takk for tips om Tito Tomasi, har akkurat tatt kontakt med han for å prøve å få litt tips:-)
Det blir ein bikepacking tur med alt nødvendig utstyr på sykkelen. Det er ikkje så mange plassar me treng å bære/skyve sykkelen, men nokre fjelloverganger/toppar blir me nok nødt til det. Håpar å komme opp mot ein tredel sti/grusveg, men klarer kanskje ikkje det med 15 dagar effektiv sykling tilgjengeleg.
Me overnattar i telt og innimellom i chalets (åpne ubemanna hytter/buer).
I høgdemeter blir det ein plass mellom 25.000 og 30.000 trur eg.

Mange usikkerhetsmoment her sidan eg ikkje har vore i området før bortsett frå ein fottur på den franske sida på grensa til Spania rett vest for Andorra i 2016.

Topp
#2554800 - 17/05/2019 08:13 Re: Trans Pyrenees [Re: VeganVelo]
hanedalen Offline
Maker of dreams

Registrert: 30/03/2010
Innlegg: 734
Igjen, utrolig kult prosjekt.
Hvis dere skal ligge på 1/3 grus og sti så vil jeg tro det er en annen rute enn tito tomassi.

Masse lykke til
Håper det blir en kanonsuksess som frister til lignende prosjekter senere

Topp
#2556464 - 26/05/2019 00:00 Re: Trans Pyrenees [Re: VeganVelo]
Husky Offline
Entusiast

Registrert: 11/05/2008
Innlegg: 278
Sted: Sgndl
Sykla frå Hondarribia til Cadaqués på kryss og tvers av Pyreneene i 2008. Hadde full bagasje på hardtail og hadde planar om mykje sti. Det blei litt meir veg enn vi hadde tenkt, men uansett ein fin tur. Trur eg har eit spor liggande ein stad, sjølv om det vart ein del val av rute på papirkart då GPS ikkje hadde kart. Ruta var lagt opp etter pilgrimsrutene. Om du er interessert kan eg sjå om eg finn sporet.


Redigert av Husky (26/05/2019 00:06)
_________________________
Sig


Topp
#2557175 - 29/05/2019 14:02 Re: Trans Pyrenees [Re: Husky]
VeganVelo Offline
Nytt medlem

Registrert: 13/05/2019
Innlegg: 3
Kult ICON_SMILE
Eg vil veldig gjerne sjå ruta di om det ikkje er for mykje arbeid å finne den!
Kor lang tid bruka de på turen? Dette var ein tur med telt, sovepose og heile pakka det då?
Eg og son min skal også ta turen med full oppakning og flest mogleg overnattingar oppe i fjella.

Topp


Terrengsykkel utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Kristoffer Kippernes Utstyrsredaktør: Øyvind Aas
Salg og marked: Knut Harald Smette | Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt
Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå