Brenndalen rundt

Aabrekk gard, Oldedalen

HVOR?
  • Kommune: Stryn
  • Fylke: Sogn og Fjordane
  • Lengde: 0-10 km
  • Tidsbruk: 1-2 timer
  • Vanskelighetsgrad: 4. Krevende

Startpunkt

Aabrekk gard, Oldedalen

Slik kommer du dit

Køyr bil til Aabrekk og parker på anvist parkering rett over brua frå FV 724. Sykle gjennom tunet og inn på traktorvegen til Brenndalen.

Endepunkt

Aaberg gard, eventuelt med retur gjennom skogen tilbake til Aabrekk.

Terreng

250 hm stgning på god traktorveg. Variert sti/terreng på flatene i Brenndalen. Bratt og krevande sti ned til Aaberg.

Rutebeskrivelse

Sykle opp traktorvegen frå Aabrekk til Brenndalen. Fortsett innover dalen på traktorveg/terreng/sti så langt det går inn mot breen på sørsida av elva. Returnere same veg tilbake, ca 500m, og ta til høgre over gangbru til nordsida av elva. Her kan du sykle på stien innover mot breen igjen. Det variert og fin sti som innbyr til flyt i lett terreng. Til slutt blir stien borte i tett kratt. Returner same veg tilbake, men ikkje ned til brua over elva. Fortsett i staden på traktorvegen ut av Brenndalen (mot vest), og følge denne etter kvart som den svingar mot nord og stig kraftig opp mot Jakobsbu (lita hytte), 320 moh. No er du på toppen. Forsett på stien rett fram forbi hytta og følg denne i bratt terreng ned til Aaberg (på kartutsnittet er dette garden rett nord for O-en i Oldedalen). Stien er delvis utbedra for bratt stisykling, men er fortsatt krevande. Her får du varierte utfordringar som gjer turen ganske morsom. Retur til Aabrekk langs bygdevegen til Tungøyane gard (kalt Åberg på kartutsnittet). Deretter rett fram gjennom gjerdet og inn på beiteområde til du kjem til elva. Sykle over brua og forsett rett fram til eit sagbruk. Ta til venstre ved sagbruket, opp bakken og over åsen til du er tilbake på Aabrekk.

Terrengsykkel utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Kristoffer Kippernes Utstyrsredaktør: Øyvind Aas
Salgssjef: Alexander Hagen | Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt
Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå