Aurenakken

Aurenakken

HVOR?
  • Kommune: Sykkylven
  • Fylke: Møre og Romsdal
  • Lengde:
  • Tidsbruk:
  • Vanskelighetsgrad: 6. ikke angitt

Startpunkt

Aurenakken

Slik kommer du dit

Stien tar utgongspunkt i postkassa på toppen av Aurenakken. Beste måten å kome hit er å sykle opp skogsveien frå Haugsethveien. Haugsethveien finn ein ved å køyre frå Sykkylven sentrum og forbi kirka (kirka skal vere på høgre sida). Ta deretter første vei til høgre og fortset på denne grusveien forbi idrettsanlegga og vidare forbi bebyggelsen. Fortset til du ser eit skilt på høgresida. Følg skogsveien til enden og gå vidare til postkassa på toppen

Endepunkt

Stien endar øvst i byggefeltet Vikedalen 2.

Terreng

Stien er 95% syklebar. Kun unntaksvis må ein av sykkel fordi det er steinete, myrete eller at kreftene sviktar i oppoverpartia. Stien er hardpakka med innslag av røter og steiner.

Rutebeskrivelse

Start ved postkassa og ta av rett nord ned bakken mot utkikspunktet ca.20 meter. Ta så av til venstre ved oransje band. Stien går litt bratt første meterane, men vert slakkare etter kvart. Fortset på denne stien ned gjennom granfeltet og vidare til du møtar stien som går til Aurenakken (der det er litt gjørmete). Ta så av til høgre og følg dei oransje banda. Du kryssar etter ei stund stien til Aurenakken nok ein gong. Fortset rett fram og vidare under kraftlinja. Følg dei oransje banda til du møtar stien ( som går til Heiane (nord for Tverrelva). Følg denne stien og kryss Tverrelva der brua er. Følg stien til du møtar andre stien som går til Heiane (sør for Tverrelva). Ta så av til venstre (i retning Borgundkollen). Denne stien går tungt oppover med røter og litt steinar. Følg merkinga til enden av granfeltet og finn opninga mellom to graner. Du treff no stien som går til Fagrefjellet. Ta av skarpt til høgre her og følg stien litt nedover igjen til du møtar Heiane stien igjen. Fortset rett fram over denne og videre utover mot Tverrelva. Når du er nesten ved Tverrelva går der ein smal sti nedover til eit stort tre som ligg over stien. Hopp over treet (til venstre) og fortset på stien. Igjen kryssar du Heianestien og du fortset berre rett fram. Denne stien fortset nesten fram til Klokkarhaugveien. Rett før du kjem til enden er der ein stor stein på venstre side. Her tar du til høgre mellom to små tre med oransje band på. Fortset i sikksakk nedover og over ein sti til neste sti. Ta til høgre og fortset på denne stien. Denne passerer Sandalveien og fortset til du er om lag 20 m ovanfor Myhreveien. Her vil du sjå nye oransjeband. Fortset på fin sti til du møtar ein sti som går tilbake. Følg denne tilbake til Myhreveien. Ta til høgre og følg sti tilbake. Denne fortset over begge Heianestiane, over Tverrelva, under kraftlinja og vidare over Aurenakkestien. Fortset rett fram og nedover granfeltet. Fortset over stien du møtar og vidare nedover til enden av skogsveien. Denne veien fortset ned til parkeringsplassen.

Tips

Sjekk Sykkylven Sykkelklubb sine heimesidar for kart og meir info:www.sykkylvenSK.no

Terrengsykkel utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Kristoffer Kippernes Utstyrsredaktør: Øyvind Aas
Salgssjef: Alexander Hagen | Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt
Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå