TERRENGSYKKEL.NO

Bømoen, Storåsen

Palmafossen Skule. Bak klubbhuset til Viljar IL.

HVOR?
  • Kommune: Voss
  • Fylke: Hordaland
  • Lengde: 10-20 km
  • Tidsbruk: 1-2 timer
  • Vanskelighetsgrad: 2. Litt krevende

Startpunkt

Palmafossen Skule. Bak klubbhuset til Viljar IL.

Slik kommer du dit

Frå Voss sentrum: Køyr mot Granvin/Hardanger. Etter 2,5 km sving av til venstre inn på Fv307, ved ein stor Kiwi-butikk. Etter 400 m, sving av til høgre og inn på Bømovegen (flyplassen. Du får då klubbhuset til Viljar IL på høgre side. Parker på parkeringsplassen bak klubbhuset.Kopier denne linke, lim inn i adresselinja i weblesaren:http://kart.gulesider.no/query?what=map&search_word=

Endepunkt

Løypa er ein rundtur, du kjem tilbake til Palmafossen Skule

Terreng

Først går løypa på kryss og tvers på stiar frå vest- til nordøst-kanten av Bømoen. For det meste singletrack, men innslag av skiløype-trase, og litt traktorveg. Deretter er det ein transportetappe på 3 km på asfalt til neste stiområde; Storåsen. Det startar med 1 km stigning. Først 300 m traktorveg, deretter sti. Tidvis krevande, bratt og stein/røtter. Deretter kjem ein inn på turens artigste område; 1 km med rask utfordrande singletrack, flatt eller småkupert, krydra med røtter og steinparti. Garanterer at du her har fått smilet på. Og det beste er at nedoverturen gjenstår: Over 2 km med rask sti, tidvis krevande pga mykje røtter og litt steinete. Vossa-stisykling av ypperste klasse. Nedoverkøyringa endar ved E16 ved Lundarosen/Tvildemoen. Deretter gjenstår ca 1 km med grus og asfalt på nordsida av elva og E16 tilbake til start, ved Palmafossen Skule.

Rutebeskrivelse

Meir utfyllande stiguide kjem!

GPS

Terrengsykkel utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Kristoffer Kippernes Utstyrsredaktør: Øyvind Aas
Salgssjef: Alexander Hagen | Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt
Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå